Numedalsnett
Søndag 23. september   |     Du er her: Forsiden >
PrintPolitisk usemje før landsmøtet i Norsk Målungdom


I helga som kjem har Norsk Målungdom landsmøte i Drammen kommune. Etter rekordhøge medlemstal i 2017 skal målungdomen no diskutere fleire spanande saker.


Pressemelding. Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom. foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne.



 
 
Kvart år samlar engasjerte målungdomar frå lokallag over heile landet seg for å avgjere kva Norsk Målungdom skal meine og jobbe med det neste året. 2017 var eit rekordår for Målungdomen, med det beste medlemstalet i organisasjonens dokumenterte historie. I laupet av året har organisasjonen fått fleire lokallag, delt ut dialektprisen og knust mytar om nynorsk i kampanjen «Nynorsk myteknusar».

I år skal landsmøtet diskutere fleire politiske program i tillegg til å vedta nytt  arbeidsprogram for perioden som kjem.  – Det er komne inn mange endringsframlegg til dei politiske programma om språk i skulen og om Noreg som fleirspråkleg samfunn. Mange av framlegga er kontroversielle, så det blir spanande å sjå kva landsmøtet går for, seierFredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom.

Usemje om ekstrapoeng for nynorsk som hovudmål

Eit av endringsframlegga som er komne inn føreslår å endre politikken Norsk Målungdom har om ekstrapoeng for nynorsk som hovudmål. I dag er Norsk Målungdom mot at vidaregåandeelevar som har nynorsk som
hovudmål skal få ekstrapoeng for det, men no kan det altså endre seg.
 
– Det finst gode argument for og mot ekstrapoeng for nynorsk. Ekstrapoeng kunne bidrege til å sikre statusen til nynorsken, men det er vanskeleg å vete om ei slik ordning kjem til å fungere i praksis.
Derfor blir dette au ein diskusjon om kva line me skal leggje oss på framover, seier Hope.

Det har au kome inn eit framlegg om at kommunar med meir enn 70 000 innbyggarar skal tilby nynorskklasse, uavhengig av kor mange foreldre som krev det. Slik situasjonen er no, må foreldra til minst 10 elevar
krevje nynorsk for elevane sine for å få lov til å skipe ei eiga klasse.

Vil ha nynorsk inn i grunnlova

Det er krefter i organisasjonen som ynskjer at organisasjonen skal arbeide for å få inn i grunnlova at nynorsk og bokmål er jamstilte skriftspråk i Noreg.

– Nynorsken har eit mykje svakare juridisk vern enn til dømes samisk. Å grunnlovsfeste jamstillinga mellom nynorsk og bokmål ville vere eit stort steg i rett retning, seier Hope. Han ser fram til ei
landsmøtehelg med friske ordskifte.

Fredrik Hope stiller til attval som leiar, og resten av sentralstyret
gjer det same. I tillegg har valnemnda innstilt på eit utvida sentralstyre med to nestleiarar i året som kjem.

Aktiviteter neste syv dager:

TittelDag / TidStedKommuneKategori
Vis flere aktiviteter Vis faste aktiviteter Registrer ny aktivitet
Dagens ordtak
Dødsannonser
(Fra Aftenposten-krever logg inn)

Nore og Uvdal
Rollag
Flesberg
Kongsberg





Bursdager i dag
Numedal
Lars Helge Bergan, Uvdal (42)
Therese Vrenne, Rødberg (22)
Aslaug Amundsen, Uvdal (71)
Stian Teigen, Nore (26)
Jan Løkseth, Rollag (70)
Henning Egedahl, uvdal (36)
Arvid Øyberg, Rollag (67)
Ayla Juveli, rOLLAG (21)
Brita Nørstebø, Uvdal (53)
Hellik Garaas, Svene (21)
Gunnar Nørstebø, Veggli (79)
Olav Tore Vikan, Uvdal (26)
Solveig Endeberg, Lyngdal (55)
Odd Fjøslid, Uvdal (68)
Harald Fjøslid, Uvdal (68)
Brita Nørstebø, Uvdal (53)
Fornavn:

Etternavn:

Fødselsdato (dd.mm.yyyy):

Postnr:

Poststed:

E-post:

Kongsberg
Birger Grønbech, Kongsberg (37)
Marte Ødegården, Kongsberg (25)
Ingrid Alice Simensen, Kongsberg (37)
Jan Tinholt, Kongsberg (76)
Andre eller uspesifisert bosted
Janne hvitsten, hokksund (28)
karl johny gitteson, ramnes (60)
Wenche Halland, 3628 veggli (52)
Lokale portaler



Del bildene dine på Numedalsnett

Del informasjon i DIN LOKALAVIS !!

1. Send tekst på epost til Redaktøren eller på mobil til tlf 977 90 790
2. Bilder sendes på epost til Redaktøren eller på mobil til tlf 977 90 790
3. Skriv gjerne hvilken dag du ønsker at saken legges ut

Dette nettstedet eies og drives av Nnet.no AS.   Mobil 977 90 790
Postadresse: Nnet.no AS, Nore og Uvdal Næringspark, N-3632 Uvdal, NORWAY.
Ansvarlig redaktør:
Knut Morten Bjørnsrud
Redaktør: Knut Morten Bjørnsrud   Mobil 977 90 790    Epost: Redaktøren